Medlemer i Arkiv- og kulturhistorisk gruppe har over lang tid registrert og funne bakgrunnen og historia over skuter og farty med tilknyting til Uskedalen. Det er eit stort og omfattande arbeid, særleg å finna kor desse skutene enda sine dagar. Olaf Agnar Gausvik frå Uskedalen, busett i Kristiansand, har gode føresetnader for å sluttføra registreringa. Les kva han skriv om søking og leiting for å finna kor det vart av MK MANNSFJELL.


Etter det fyrste hintet om at “Mannsfjell” var seld frå Harstad der han frakta flaskefor for Mack-bryggeriet, til Hasvik, har eg sendt etterlysinga til grupper, personar og instansar, ja til og med til ordføraren i Hasvik.
Løysinga kom til slutt frå Andreas Hagevik i Bergen. Sjå bileta.

I tidsskriftet Skipet ( 1997 ) etterlyste Gerhard Flatebø, med bakgrunn frå hermetikkmiljøet i Uskedalen opplysninger om m/k MANNSFJELL, ombygd hos Eidsvik i Uskedalen (Kvinnherad) under krigen, lengde ca 70 fot, maskin 50 hk Wichmann. Eigar var Bergen Preserving AS inntil ca 1958, deretter seld til Harstad-området. Vi kjenner ikkje til at han fekk svar på denne lysinga.

Men Rolf Sigmund Sunde kan fortelja at Odd Rød såg “Mannsfjell” på Finnmarks-kysten nokre år etter at han hamna i Nord-Noreg. Han fortalde at båten sigla med “flaskefor” for Mack-bryggeriet. Seinare fekk Torgeir Eidsvik kjennskap til at dei som hadde hand om “Mannsfjell”, hadde gjort nokre økonomiske krumspring, og båten vart teken i arrest. Om einkvan kjøpte han og gav han nytt “liv” eller om han vart kondemnert, veit eg ikkje. Men det kan henda at folk i Mack-bryggeriet veit noko?


På ei etterlysing på Facebooksida “Gamle og nye norske fiskebåter”, fekk vi fylgjande kommentar frå Sverre Alvin Nilsen: “Kasper Krristensen fra Klokkerøya i Hammerfest var eier på midten av 60-tallet. Kasper solgte så Mannsfjell til Hasvik , og kjøpte en 100′ båt som het “Strøumfoss” som overtok fraktoppdrag for Mackbryggeri et.”

No veit korleis MANNSFJELL enda sine dagar. Fartyet forliste 5. juni 1969 på Sørøysundet.

Tekst: Olaf Agnar Gausvik
Redigering/nett: Kristian Bringedal
Foto: Kopi frå boka Sild i boks/faksimile frå aviser