Snart 89 år gamle Bjørgulv Eik er nett komen heim etter ei god veke på Norges-ferie. På programmet var både besøk på garden og musèet på Aulestad der Karoline og Bjørnstjerne Bjørnson budde, og Maihaugen på Lillehammer. Under omvisninga på Maihaugen oppdaga han plutseleg eit kjent ansikt like ved sida av seg. Det var den kjende teaterinstruktøren Catrine Telle som var instruktør og sette Baronispelet i scene frå starten i 1987 og nokre år framover. Bjørgulv var ein av skodespelarane i spelet i 1987, 88 og 89.

Her er Bjørgulv Eik i god prat med Catrine Telle som instruerte han i Baronispelet for over 30 år sidan. Her står dei like utanfor barndomsheimen til HKH Dronning Sonja.

-Eg merka ikkje ho kom, eg. Eg trur ho må ha lista seg innpå meg bakfrå, fortel Bjørgulv med eit lunt smil om det overraskande møtet. Bjørgulv kjende ho med ein gong igjen, og han tok naturlegvis kontakt.
-Eg trur ikkje ho kjende meg med det same, men då eg nemnde Baronispelet og sa namnet mitt, hugsa ho meg, seier han vidare. Deretter fekk dei to ei god mimrestund der dei stod like utanfor HKH Dronning Sonja sin barndomsheim. Den blei flytta frå Vinderen i Oslo til Maihaugen for nokre få år sidan.

Bjørgulv var kjend vide ikring som dyktig skodespelar, og det hender framleis at han tar publikum med storm frå scenen. Han var svært aktiv i den gode teatergruppa i ungdomslaget og beherska ulike roller. Særleg hugsar vi han for mange av dei gode komediane dei spelte, og som dei reiste land og strand rundt med. Mange meinte han var Uskedalen sitt svar på sjølvaste Leif Juster. Høgare anerkjenning kunne vel ikkje ein scenekunstnar få! Mangt eit latterbrøl har han i alle fall utløyst.

Det barnlause paret. Bjørgulv saman med Inger Johanne Slåtten som var ei av dei to som spela kona hans.(Bildet er avfotografert frå ein brosjyre. Opphaveleg fotograf: Helge Sunde.

Då Baronispelet sette opp “Baronen – eit kvinneportrett” med tekst av Lars Amund Vaage og musikk av Ketil Bjørnstad i 1987, var det heilt naturleg at Bjørgulv blei spurt om å bidra i ei av rollene.
– Det var Marit Sofie Lea, som var drivkraft bak spelet, som fekk meg med. Eg var mannen i den barnlause familien, og sidan eg var med i tre år var det to damer i rolla som kona mi. Det var Siri Teigland og Inger Johanne Slåtten. Kven som var først og sist, hugsar eg ikkje, mimrar Bjørgulv. Dei åra han var med, var det Juni Dahr som hadde hovudrolla som baronessa, Karen Mowat.
– Ho var svært dyktig! seier han og brukar tilsvarande karakterstikk av instruktøren Catrine Telle.

Frå brosjyre. Nede til høgre ser vi Juni Dahr og Sverre Røssumoen. Opphavelege foto: Helge Sunde.

Siste året Bjørgulv var med, var 1989. Då avslutta Juni Dahr og Catrine Telle også sitt engasjement i Baronispelet. Frøydis Armand overtok som baronessa, medan Leif Blix erstatta Catrine Telle som instruktør.

Seinare har det blitt gjort eit forsøk på å skapa nytt liv i spelet; – då som musical.

Bjørgulv Eik var den einaste vaksne skodespelaren frå Uskedalen, etter det vi kjenner til. I barneroller veit vi at Lars Johan Myklebust og Åse H. Bringedal var med. Per Myklebust var svært sentral i det tekniske rundt alle oppsetjingane. Bak scenen gjorde Randi Myklebust og Mariann Lyse ein innsats. Åse M. Neset var sufflør i 1990. Viss de kjenner til fleire uskedelingar som var med i Baronispelet, er det fint om de sender ei melding til uskedalen.no@gmail.com eller 932 88 237.

Tilbake til Bjørgulv og Norgesferien. Han var tydelegvis svært fornøgd både med møtet med Catrine Telle og resten av opplevingane på turen.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Atle Kalve
Foto frå Helge Sunde sine bilete i brosjyre: Thor Inge Døssland