Halve bygda på beina | | | | Halve bygda var på beina for å feira Nasjonaldagen, Ein justering av opplegget var svært vellukka. Til dømes vart toget dirigert igjennom ei 'løype' som ikkje er freista før og er her på veg opp til Stemneplassen. Truleg var bortimot 500 med i toget. Eit anna høgdepunkt var tala for dagen, ei hylling til rettsstaten vår av advokat Bjarte Døssland (Foto: Ola Matti Mathisen) | | | | | |
|
Siste Nyhende |
Hylla den norske rettsstaten | Tenk å få leva i eit land der det faktisk går an å sjikanera landets statsminister såpass usakleg som bøndene har gjort utan at nokon - aller minst statsministeren sjølv - ville finna på å meina at det ikkje skulle vera lov. Dagens talar, advokat Bjarte Døssland, kom med denne ytringa med utgangspunkt i biletet av statsministeren med ei høne på hovudet. Det har vore utplassert også i Uskedalen.
|  | | Les meir | 17.05.2012 |
|
|
Truleg 500 i ny togrute | Justeringen av 17.mai-programmet og då mellom anna togruta har vore vellukka. Anslag går ut på at så mange som 500 vart med då toget for første gong gjekk frå Grana via Stemneplassen og over Dønhaug til skulen. Det kan vera rekordoppslutnad, og det var oppsiktsvekkjande då det var regn i lufta. Lukkelegvis heldt vergudane seg i tømme.
|  | | Les meir | 17.05.2012 |
|
|
17. maiprogram tilpassa veret | 17. maikomiteen helsar alle velkomne til nasjonaldagen Veret er ikkje det beste. Programmet vert uansett gjennomført etter oppsett plan. Med eit endra opplegg er ikkje veret eit hinder for å delta.
| | | Les meir | 16.05.2012 |
|
|
Nynorsk frå skulestart | Skulen i Uskedalen ligg stadig langt framme i tevlinga om pengar til spesialprosjekt. No har skulen fått 15 000 for neste skuleår til posjektet nynorsk frå skulestart, Nynorsksenteret står bak løyvinga.
| | | Les meir | 16.05.2012 |
|
|
Hansen-show med vekselbruk | Atle Hansen, eigentleg bømling men busett på Stord sidan 1970, er ein multimann som satsar på vekselbruk. Han er 50 prosent journalist i Sunnhordland og dertil, låtskrivar, visesongar og forfattar av 15 bøker. Ein kan leggja til skodespelar, for Atle spelar med heile kroppen når han opptrer. I dag presenterte han bortimot heile seg for elevar og lærarar i Aktivitetshuset og dei to timane var eit skikkeleg show!
|  | | Les meir | 16.05.2012 |
|
|
Dei 3 siste banda i Festidalen | Lonely Kamel, Supermale og Highasakite er dei 3 siste Festivalbanda som har kome på plass.
|  | | Les meir | 16.05.2012 |
|
|
Seigmen på topp i siste booking | Festidalen er i mål med årets booking. SEIGMEN kjem! I tillegg har de ibooka Lonely Kamel, Supermale og Highasakite Arrangørane er erstolte over å få Seigmen til å spela på fredagen |  | | Les meir | 16.05.2012 |
|
|
Familiequiz på 17. mai | For fyrste gong er det i programmet for 17. mai lagt inn familiequiz. Tema er: 17.mai nasjonalt og lokalt.Spørsmåla har ulik vanskegrad |  | | Les meir | 16.05.2012 |
|
|