Ungdomslagshytta Fjelly ved Mannsvatnet
UTLEIGE 2023
Ansvarleg for utleige: Anita Enæs tlf.: 99 32 08 78
Prisar sjå Facebook side: Leige av Fjelly
Om hytta
Hytta har 2 soverom med 3 køyplassar kvar, hems med madrasser og 2 innbygde køyplassar i stovedelen. I kjøkendelen har ein tilgang på naudsynt kjøkenutstyr. Hytta har ikkje innlagt straum. Mat tilberedes med gass. Det er 2 gassbluss på kjøkenet.
Vatn må hentast og bærast til hytta. Det er anbefalt å hente vatn frå elva mellom Vatnastølsvatn og Mannsvatnet.
Hytta er utstyrt med eit lite solselleanlegg som blir nytta til lys i hytta. Det er også laga til aggregat som kan kan nyttast til mellom anna å steike vafler.
Avgift på skogsveg
No er det ikkje lenger hengelås på grinda nede ved byrjinga av vegen, og ei skal ikkje låna nøkkel og betala ekstra til ungdomslaget for å køyra opp vegen. No er vegen open for alle, men ein må vippsa betaling til Haugland Skogsveg – sjå vedlagte bilete. Skiltet med info heng ved sida av grinda. Merk at om ein skal køyra lenger enn til krysset (andre sving), MÅ ein ha 4-hjuls trekk på bilen