Fredag i denne veka opnar Zjakk frisørsalong avdeling for fotpleie. Lokalet ligg i nabobygget. Ann Kristin Olsen er tilsett som fotpleiar, eit arbeid ho har hatt sidan 2007. Det meste av tida har Ann Krsistin jobba hos Anne Stokka på Husnes. Når Stokka no vert pensjonist og avsluttar sin salong, høver det godt med ein overgang til Uskedalen. Ann Kristin Huke på Zjakk fortel til Uskedalen.no at ein lenge har snakka om ein avdeling for fotpleie. Behovet er stort. Uskedalen ligg sentralt til i Kvinnherad og mange har alt meldt frå om at ein vil nytta seg av tilbodet. EM Holding eig bygget.

Avdeling for fotpleie ligg i nabobygget til Zjakk frisørsalong.

Ann Kristin Olsen er fotpleiar, ikkje fotterapeut. Ho gjer ikkje kirurgiske inngrep som til dømes å fjerna vorter. Elles gjer ho det meste. Opninga er på fredag. Dersom du tingar time i veke 36, får du behandling til kr. 700,- ( Ordinær pris er kr. 875,- ). Kom innom for avtale eller bruk sms. Zjakk har telefon: 53 48 65 66. Eller ring Anne Kristin Olsen på mobil: 905 67 983.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal