Interessa for fri-idrett ser ut til å bløma som i gode, gamle dagar i Uskedalen. Då vi var innom idrettsplassen på Heio tirsdag kveld, var det svært livleg der. Då var ein solid gjeng samla til fri-idrettstrening, og i det nydelege veret gjekk øvingane med liv og lyst. På bildet over ser vi ein frisk gjeng som var i gong med sprint-trening. Dei hadde det travelt med å komma seg ut av “startblokkene” då startar Stig Berge-Soldal kommanderte “Innta plassene, ferdig, gå!”

Eit av mange luftige lengdehopp.

Dei unge talenta var spreidd rundt på banen der dei dreiv trening innan ulike disiplinar. Nokre øvde på kastteknikk, andre hadde luftige svev i lengdegropa, mange trente sprint medan andre igjen dreiv kondisjonstrening. Hovudsakleg var dei delt i grupper etter alder. Felles for alle gruppene var det gode humøret og den store iveren.

Ein viktig del av suksessformelen er nok at det ikkje berre var godt frammøte av born, men også svært mange foreldre. Nokre nytta tida til å trena litt sjølv, mange hadde trenar- eller hjelperoller medan nokre tok seg av yngre søsken og kosa seg med prat rundt borda på langsida. Alle hadde sine viktige roller fordi dei er med å skapa eit utviklande og sosialt fellesskap og miljø som gjer at barna trivest. Eg passerte raskt 12 då eg tok ei kjapp oppteljing av foreldre. Eg fekk verkeleg tru på at fri-idretten kan ha gode år framfor seg i Uskedalen.

God kastteknikk!

Anlegget på Heio såg også ut til å vera i god stand. Rødstubben som i si tid blei henta frå Husnes stadion ser ut til å fungera godt. Med jamne mellomrom har eg sett Kvinnherad sin beste løpar, Sindre Solbakken Omvik, trenar der. Det skulle vel tyda på at banen er i god stand.

Innimellom treningane deltar dei unge fri-idrettstalenta på stemne. Allereie i morgon skal nokre av dei til Husnes for å vera med på stemne der, medan andre av dei flinke barna er opptatt med andre kjekke aktivitetar.

Fri-idrettstreninga er kvar tirsdag mellom 18 og 19, og om nokre har spørsmål kan dei ta kontakt med Gina Hella Berge-Soldal.

Innta plassene, ferdig, gå!!
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland