
Ynskjer du å bu i sentrum - no har du sjansen. To einebustader vert selde.
Ynskjer du å bu i sentrum og gangavstand til skule, barnehage, butikk, badestrand, båthamn, aktivitetspark og mykje meir ? Ja, då har du sjansen no. Meir sentrumsnært kan du ikkje koma. To større og praktfulle einebustader vert selde, det eine no, det andre litt seinare i haust. Til begge objekta er det garasje og stor tomt med opparbeidd hage. Fasade mot vest. Solrikt.

- Einebustad i Geilo med bruksareal på 219 rutemeter. Huset er bygd i 1960, påbygd og renovert fleire gonger sidan den tid. 3 soverom. Panoramautsikt.
- Einebustad langs Uskedalsvegen med utsikt til Storsund, Stølavikjo, Skorpo og uskedalsfjella. 4 soverom. Dobbel garasje. Kjem for sal i haust.

Marita Pedersen i EiendomsMegler 1 fortel til uskedalen.no at ho er meglar for einebustaden i Geilo. Det var visning i går, måndag 19. august. Ho har registrert interesse frå fleire aktuelle kjøparar. Det er positivt. Pedersen har seld fleire hus og leilegheter i Uskedalen dei siste åra. Uskedalen er ei sentrumsbygd med mange kvalitetar. Natur, kultur, skule og barnehage er ord som kling godt i markanden. Det er dessutan kort avstand til Rosendal og Husnes. Ho har merka interesse frå kjøparar i Odda, anten ved flytting eller ved bruk som fritidsbustad.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal