Yahya og Anna Simone blei uttekne til sonelag.
Yahya Mahmoud Mohammed(med ballen på bildet over) som bur på Stølen og går i 7.klasse ved Uskedal skule, var blant dei utvalde til sonelaget for G12 for Sunnhordlandsona som blei gjort kjent sist veke. Uttaket blei gjort etter at 40 kandidatar, utvalde av laga sine, hadde vore på 3 sonesamlingar. Anna Simone Enes som tidlegare gjekk i same klasse ved Uskedal skule, blei utteken til J12-laget. Begge spelar for Rosendal TL
No ventar treningar og kampar mot dei andre sonelaga i kretsen slik som Bergen og Sone Nord gjennom vinteren. Deretter blir det eit nytt uttak, då til kretslaget.
I tillegg til Yahya og Anna Simone blir Phillip Lund-Mikkelson og Mari Hjelmeland med på sonelaga frå Rosendal TL.
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland