Medan andre skiløparar frå Uskedalen gjorde ein flott innsats i Ternen Open sist helg, var William Samland Eik på Sjusete i Kvam og deltok i det tradisjonsrike Torefjellsrennet. Dette gjorde han på ein super måte, og han gjekk heilt til topps i ungdomsrennet, klasse gutar 13 – 14 år. På plassane bak han fulgte løparar frå Osterøy og Fana som er kjende for å ha gode og aktive langrennsgrupper. Bildet er frå premieutdelinga med William Samland Eik øverst på sigerspallen.

William og konkurrentane hans gjekk 11 km, og det er klart lengre enn løpa dei vanlegvis går, 3 km. Det var svært gode forhold, og William kom i mål på 32:18. Med dette var han 5 sekund føre nr.2 Eirik Brattabø frå Osterøy. Desse to var i ein klasse for seg då dei var over 3 minutt føre dei neste på resultatlista. William og konkurrentkompis Eirik Brattabø kan sjå tilbake på mange duellar i langrennsporet, og etter det vik jenner til, var det første gongen William gjekk sigrande ut av desse duellane.

Det tradisjonsrike Torefjellsrennet var tilbake etter to års pause på grunn av pandemien. Det går i fleire klassar. I tillegg til ungdomsrennet på 11 km blir det også konkurrert i Hardhausen over 40 km og trim-og familierenn med valfri løypelengde på mellom 5 og 13 km.

Søskena Julian og Celina Enes Seberg frå Omvikdalen gjorde det også godt i ungdomsrennet. Julian blei nr.2 i sin klasse, medan Celina vann sin. Far til William, Espen Eik, fortel at dei ofte reiser med omvikedalsløparane på renn, noko dei set stor pris på.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Espen Eik