William Samland Eik deltok på NM Hovlandsnuten opp sist laurdag. Dette er det andre motbakkeløpet William deltek i nokon gang. Han klinka til med 2. plass i ungdomsklassen og sprang 6,7 km og 931 høgdemeter på tida 53,03 noko som er ei god tid for alderen å vera.. William spring i 14-15 års klassen , men fyller ikkje 14 år før i slutten av oktober. Hovlandsnuten opp er eit tradisjonelt motbakkeløp i Sauda, og i år var dei tildelt NM status.

William Samland Eik er godt nøgd med den sterke prestasjonen på Hovlandsnuten opp i Sauda.

Det var ein flott dag, med ver i frå alle årstidene. Sauda idrettslag hadde 60-70 friviljuge i aksjon for å få gjennomført arrangementet. På førehand hadde dei brukt enormt mange timar på å oppgradera løypetraseen. Løypetraseen var nygrusa mange plassar og det var ei flott løype dei hadde laga opp til Hovlandsnuten. Mange av dei mest kjende motbakkeløparane deltok, også langrennnsløparar som Astrid Øyre Slindt og Gaute Kvåle deltok. 

Tekst/foto: Privat
Nett: Kristian Bringedal