I morgon laurdag 11. mars går Kong Haralds ungdomsstafett av stabelen i Holmenkollen. Dette er ein felles stafett for 15-16 års klassane på tvers av dei ulike langrennskrinsane i Noreg.. Deltakarane vert tekne ut etter ulike resultat i løpet av vintersesongen. William skal representera Uskedalen IL, William skal gå 2. etappe på Hordaland skikrets sitt første lag. Stafetten vert sendt rett etter 5 mila i Kollen i morgon og går direkte på NRK 2 klokka 15.40. Vi er usikre, men det er truleg fyrste gong nokon frå Uskedalen deltek i eit skirenn i Holmenkollen.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Privat