William Samland Eik frå Uskedalen er teken ut av langrennskomiteen i Hordaland Skikrets til å delta i Kong Haralds Ungdomsstafett laurdag 9. Mars klokka 1545. Rennet frå Holmenkollen vert sendt live på Tv2. Skikretsane i Noreg tek ut 2 gutar og jenter i 15 og 16 års klassen og dannar så 2 stafettlag frå Hordaland som konkurrerer mot dei andre skikretsane i landet. Dette skjer i samanheng med verdenscupen i langrenn i helga der kvinnene går 3 mil lørdag og herrene 5 mil søndag.

Det er venta eit folkehav av publikum så det vert nok god stemning i løypene og ein flott oppleving for langrennsungdommane. William har hatt ein stabil sesong med jamt over gode resultat. Det er nok å nemna 2. plass i Kretsmesterskapet i skøyting i Ulvik og 3. plass i Vestlandsmesterskapet på Korlevoll.

William har gått gode renn heile sesongen og leiar pr.no kretscupen i Hordaland i G 16 klassen, før den skal avgjerast med Vestlandske skistemna neste helg.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Privat