Wermund Vetrhus ( SV ). til høgre på bilete, stiller spørsmål til Ordføraren i kommunestyret i denne veka. I innlegget sitt opnar han med å sei at det er bra at det blir arbeidd med ein Risiko- og sårbarhetsanalyse for brann og redning. Å avdekka kvar ein har utfordringar er viktig, særleg når det kjem til beredskap. Og brann og redning er spydspissen av dei som skal passa på oss. Med bakgrunn i møte med branntroppen i Uskedalen kom det fram nokre urovekkjande moment i arbeidet med ROS-analysen. Det vart nytta tal dei ikkje kjende seg igjen i, og at ein hadde definert utrykningstid til å gjelda for den næraste grensa for ein tettstad. 

Del av branntroppen i Uskedalen.

I brann- og redningsvesenforskriften §2 bokstav i er utrykningstida definert som: tiden det tar fra nødmeldesentralen har utalarmert innsatsstyrken til første innsatsstyrke er på hendelsesstedet. Altså tida frå alarmen går hos brannmannskapene, til dei parkerar der det brenn. 

Ein del av utrykningstida er forspenningstida, den tida det tek for mannskapet å koma seg til stasjonen og ut porten. Den er eit viktig i vurdering av kven som kan vera med i branntroppen. 

Forskrifta definerer og at tettstadar skal ha utrykningstid som ikkje overskrid 20 minutt. Og det er vanskeleg å tolka dette til noko anna enn at det då gjeld det objektet som ligg lengst unna brannstasjonen.

Vetrhus stiller to spørsmål til ordføraren:

  1. Kva er gjennomsnittleg forspenningstid på dei ulike stasjonane for dei siste 20 hendingane eller dei siste 5 åra, dersom det ikkje har vore så mange hendingar? 
  2. Kva er kravet til utstyr og antal mannskap for stasjonane, og kva er mannskapet og utstyret på dei ulike stasjonane?
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto