På SV lista til kommunevalet til hausten finn vi Wermund Vetrhus frå Uskedalen. Han er ført opp som nr. 3 etter Silje N. Olsen og Hildegunn Hanstvedt Tofte. Dei tre fyrste på lista er alle kumulerte med røystetillegg. Silje N. Olsen er SV sin ordførerkandidat. Etter desse tre er Hege L Røssland nominert på fjerdeplass. Wermund Vetrhus er kommuneplanleggjar og har mellom anna vore sterkt med i kommuneplanarbeidet i Ullensvang kommune. Han har også eige firma innan fagfeltet plan og arkitektur.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto/kjelde: Morten Nygård - Grenda