Laurdag kl.12 arrangerte Spar Fotball VM-fest utanfor butikken. Til lyden av fotball-låtar frå høgtalaren vart det servert gratis pølser og vafler til alle som ønska. Små og store var også engasjert i pilkast, VM-quiz og ball i bingen.

Det var godt med folk på butikken og god stemning på VM-festen. Mange stilte opp i Norge-drakter, og dei som møtte opp fekk, meir eller mindre frivillig, malt norske flagg på kinnet.

Dekorering med norske flagg til VM-kamp

Spar spanderte grillpølser, vafler, kaffi og saft til alle. Det gjekk med heile 15 liter vaffelrøre og 200 pølser. Mange sat seg ned ved borda for ein liten drøs og det var fleire som diskuterte kva resultatet kjem til å bli når Norge i kveld møter England i kvartfinalen. Dei fleste held ein knapp på at Norge går av med sigeren.

Det gjekk med mange ballonger på pilkasten

Det var stor pågang av barn som kasta pilar på ballonger. Nokon klarte å skyte ballen i bingen og fekk med seg ein frisbee heim. Og vinnaren av VM-quizen vart familien Bolstad som hadde alt rett og vant diverse spekemat.

Tekst/nett: Marianne Korsvold
Foto: Marianne Korsvold / Asle Moberg