Det var visning på leileghet i Uskedalen Brygge i går, tysdag 15. mars. I dag er seksjonen selt. Det må seiast å vera eit kjapt salg. Det er Marita Pedersen frå EiendomsMegler 1 – Stord som har vore meglar. Taksten var 2,7 mill. kr. Uskedalen Brygge er ogansiert som ei sameige med 20 seksjonar. Alle seksjonane har sjøutsikt og tilgang til felles kai. Dei fleste har eigne garasjar. Mange har båtplass med uteliggjar. Den selde leilegheten frå 2006 i Telegrafbygget har høg standard. Det høyrde båtplass og garasje med til salget. Kjelde: EiendomsMegler 1 – Stord

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal