Vipa er ein trekkfugl som svært sjeldan overvintrar i Noreg. No er likevel vipa observert på Fitjaflatene. Det var Torgeir Feet som i forbifarten såg at det måtte vera ei vipe. Han snudde og køyrde tilbake for å vera heilt sikker. Det var fredag 10 desember kl. 11.00, om lag 50 meter utanfor Uskedal bru. Torgeir fortel til uskedalen.no at han aldri har sett vipe i desember. Han såg rett nok eit år ei vipe 17. februar på bakkane i Holmane ovom Djupehølen.

Vipa er ein fugleart i lofamilien, kraftig bygd vadefugl med myrk og kvit fjørdrakt. Vi kjenner ofte vipa att med den lange fjørtoppen på hovudet. Det var før ein vanleg fugl i jordbrukslandskapet i store deler av landet. Etter 1990 er bestanden sterkt redusert, truleg fordi endra og meir mekanisk driftsform verkar trugande på fuglen. Difor er vipa på den norske raudlista for artar som særleg treng vern.

Vipa er som sagt ein trekkfugl som i perioden juli – oktober reiser mot sør i Europa. Vipa kjem tidleg attende, alt i februar/mars. Ein sjeldan gong overvintar vipa langs kysten på Sørvestlandet.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Torgeir Feet