Vi går no inn i tida med oppløftande vårteikn. Nyleg hadde vi bilde av eit tjeldpar her på uskedalen.no, og i dag føl vi opp med bilde av eit vipepar. Bildet av vipeparet er spesielt oppløftande sidan denne vakre fuglen har blitt sjeldnare og sjeldnare å sjå dei seinare åra. For nokre tiår sidan var den svært vanleg å sjå på bakkane i Uskedalen. Den er faktisk blitt så sjeldan at uskedalen.no har etterlyst observasjonar av vipe dei seinare åra. Det var under vårarbeid på Kjerland at Hans Reidar Kjærland la merke til vipeparet på bildet sist veke.

Hans Reidar fortel til uskedalen.no at han ikkje har sett viper på Kjerland på fleire år. Det var under vårarbeid med traktor han oppdaga vipeparet, og han fekk teke eit bilde av vipeparet under kjøring.

Også andre stader i Kvinnherad er vipebestanden på eit minimum, og for nokre år sidan kunne vi lesa i Kvinnheringen om innsatsen til svigerson og barnebarn til Bjørgulv Eik, Harald Arnevik og Eirik Eik Arnevik, for å redda vipebestanden på Halsnøy.

Vi får håpa at vi får sjå meir til vipa framover. Det er vår det!!

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Hans Reidar Kjærland