Viss nokon uheldigvis skulle gløyma å sjekka nummera på kalendaren ein dag, vil ein alltid finna dei igjen. Det er berre å følgja oppskrifta nederst. For å vera på den sikre sida, tar vi også med jamne mellomrom ein repetisjon av vinnarnummera. Nedanfor finn de dei 34 vinnarnummera til no. Og det er framleis 14 vinnarsjansar igjen!
Vi oppfordrar alle til å henta gevinstane sine så fort dei har mulighet!
På bildet ser vi tre flinke unge korpsmedlemmer: Erle Marie(f.v.), Mia og Anna. Anna og Erle Marie er i sin andre sesong i korpset der begge speler kornett medan Mia er aspirant på althorn.

Vinnarnummera til no er:

46, 273, 355, 127, 120, 236, 598, 134, 315, 133, 263, 297, 506, 141, 52, 436, 482, 535, 542, 125, 518, 479, 414, 419, 352, 318, 15, 486, 63, 597, 252, 200, 424 og 326.

Viss ein går glipp av vinnarnummer, finn ein dei ved å gjera følgjande:

Gå inn på fana Nyhende. På PC finn de den øverst. På mobilar finn de den ved å klikka på dei tre strekane oppe i høgre hjørne.
På Pc finn det Mest populære saker siste 30 døgn i høgre spalte. Nedanfor dei finn de Kategoriar. Klikk så på Adventskalender, og då vil de få opp alle sakene med trekningar.
På mobil finn det dei siste nyhetene når de klikkar på dei tre strekane. Nedanfor dei finn de Mest populære, og deretter Kategoriar. Klikk på Adventskalender.

Lukke til!!!

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland