Over 70 innsende svar!

Det har også i år vore overveldande deltaking på Spar Uskedalen og Uskedalsida sin julekonkurranse. Heile 72 grupper og einskildpersonar sende inn svar. Deltakarane kjem stort sett frå heile Kvinnherad, men det er også ein del som er busett i andre deler av landet. I tillegg veit vi at mange har kosa seg med oppgåvene utan å senda inn svara sine. Den store og positive responsen blir også understreka av alle kjekke tilbakemeldingar. “Eg blei heilt oppslukt og klarte ikkje leggja det frå meg”, “Heile familien har kosa seg med å løysa oppgåvene”, “De har “øydelagt” ein heil dag for meg (med smilefjes)”, “Det blei sein kveld” og “Vår familie set stor pris på tiltaket” er nokre av dei. Dette inspirerer, så kanskje dukkar det opp liknande konkurransar i framtida.

I dag blei vinnarane trekt ut, og Kjetil Åkre og Aurora Nilsen Mathisen (bildet), tilsette ved SPAR, sytte for at dette gjekk for seg i ordna former etter alle kunstens reglar.

1. premie. (Trekt ut blant alle som hadde meir enn 80% rette svar, og det var mest alle innsendarane.): Møyfrid Kristoffersen.
2. premie. (Trekt ut blant dei 23 som hadde full poengpott): Britt Iren Østebø.
Trøystepremiar. (Trekt ut blant alle som hadde meir enn 70% rette svar):
Oddmund Lunestad
Randi Elisabeth Bjelland Røssland og gjengen hennar
Marit Elise Haugland.

Dei heldige vinnarane kan henta premiane sine hos Spar Uskedalen.

Det blei gjort ein imponerande innsats. Heile 23 innsendarar hadde full poengscore (38), medan svært mange låg tett opptil. Imponerande innsats av skarpe hjernar!! Gratulerer alle saman!!

Desse imponerte i tillegg til dei 5 premievinnarane: Åse M. Neset, Øystein Enæs, Bjarte Eik m/fam., Vegard Døssland, Solbjørg Olderkjær, Hilde Moen Døssland, Hanne Larsen, Synne Eikeland, Fam. Bauge Uskedalen/Huglo, Hilde Synnøve Olderkjær Røssland, Randi Pettersen, Rita Larsen, Randi Teigen Døssland, Torunn Slettebakken, Tove H. Skår, Karina Sjo, Stine Haktorson, Leif Arne Døssland, Merethe Ljosnes Jordbrekk, Eva Reime, Ragnhild og Kenneth Løland, Margot Haugland, Nelly Kjærland, Gro Ann Røssland, Magnhild og Gaute Skogtun, Irene Fatland, Kari Bråtun, Kjersti Bråtun, Michael Røssland, Ellen Karin Ljosnes Moen, Lars Haugland, Fam. Tvilde/Aakra, Karianne Kirkeli, Wenche Taranger, Janne Fausk (Blystadlia), Synnøve Bringedal, Berit Lappegård/Dag Hermansen, Liv og Audun Eik, Nancy Pedersen, Roger Ingvaldsen, Heidi Medhus, Gunvor Hove, Ellen Marie Myklebust, Jorunn Haugland, Jofrid Audhild Eik, Solbjørg Eikeland, Fam. Erlend Bjørnebøle, Jorunn G. Myklebust, Oddny Elise Vivelid & Jostein Røysland, Fam. Bakke/Berntsen, Johan Feet, Torunn Elise Feet, Johan Nic Grønvigh, Tobias L. Torjusen, Kurt Inge Miljeteig, Anna Bakke, Jørgen Moberg, Kåre Bakke, Hans Reidar Kjærland & Anne Marit Myhre, Helge Sunde, Katrine Røssland, Annlaug Rød & Lars Inge Olsen, Bjørg Inga Miljeteig, Ingebjørg Haugland, Anita Miljeteig, Gunnlaug Eik, Reidun Alvsaker & Tor Ove Rød, Laila Øyjord og Torbjørn Haugland.
Heider og ære til alle!!!

Svar på oppgåvene:

Del 1: (Svært mykje rett, men nokre hadde gløymt bokstav t.d. Iskrem, Gravlykt eller brukt feil bokstav i t.d. endingar smultringer

  1. Julagrano i Uskedalen er den klart vakraste som finst i mange mils omkrins! (Lutefisk)
  2. Julebrøda San` en smakar heilt fantastisk med både kvitost, brunost og sirup. (Børsdalsnissen)
  3. Gros Blomster hadde så mykje nydelege blomarog dekorasjonar no til jul. (Smultringar)
  4. Elin hadde det ekstra travelt no i førjulstida. (Adventskalendar)
  5. På Zjakk trylla dei fram nydelege frisyrar på kundar frå heile distriktet. (Sylteflesk)
  6. Hjønnevåg bruka berre dei beste råvarene frå havet for å levera gode produkt ut til kundane. (Julagrano)
  7. På Brekketoppen syt Auto 88 for at vi får ordna alt med bilen. (Klementiner)
  8. Kvinnherad Vekst AS ordnar med alt frå klesvask til spikar og nydelege kaker. (Gravlykter)
  9. Sigurd Myklebust selde rekordmange tilhengarar i år. (Riskrem)
  10. Mange gler seg til å sjå Bjørgulv i hovudrollen i «Dreng som duger» når dei går på scenen15.januar. (Juleglede)

Del 2. (Var nok den vanskelegaste delen. På nokre oppgåver godkjende juryen fleire svar. Nokre hadde oversett at 7 av svara skulle vera frå Uskedalen. Varierande skriftform på namna blir sjølvsagt godkjend.)

  1. Steinrikeeng = Fjellandsbø
  2. Solodde = Ljosnes
  3. Trefjellstryket = Furubergfossen
  4. Nedanfor hus = Undarheim
  5. Bergflata = Steinsletto
  6. Fiskereiskaprike = Kjerland
  7. Skuldkjensle for insekt = Mauranger
  8. Stjernestein = Solfjell
  9. På hovudet er område = Hjelmeland, også Månedalen og Hatteberg
  10. Den siste fuglelyd = Åkra
  11. Stolen bukt = Ranavik
  12. Fire stemmer sin pynt = Korsnes
  13. Brystsøkk = Bringedal
  14. Rettasundet (Her ser eg at Rettabukto/Rettavågen hadde vore betre, men mest alle løyste det) = Beinavikjo

Del 3.

  1. Turisten spurde kor nokre av dei finaste turløypene var, og eg prøvde å gi han gode tips. (Ekorn)
  2. Bunad er festkle menneska, både kvinner og menn, blir særdeles stilige i. (Lemen)
  3. Dei gjekk truleg ei turløype som ikkje var T-merka då dei gjekk seg vill i fjellet. (Geit)
  4. Eg tykkjer verdensituasjonen er særs dramatisk, ja skremande, for tida. (Jerv)
  5. Han fiska mellom klokka seks og åtte kvar enda dag i veka gjennom heile året. (Kamel)
  6. Og Pål han tok seg ein stor og tung stein uti neven og kasta den alt han kunne. (Okse, også ku)
  7. Løypa gjekk frå dyrka mark, gjennom granskogen og heilt opp på toppen av snaufjellet. (Rådyr)
  8. Den dama er dyr i drift, for ho kjøper ei ny jakke annakvar veke og påstår at det er på sal. (Rein)
  9. Eg trur nok valgresultatet til partiet kjem til å bli skuffande med den politikken som dei fører no for tida. (Kval)
  10. Dette er verdifullt, og ikkje skrot, tenkjer nok samlaren ganske så ofte. (Rotte)
  11. Den milde og berusande midtsommarsvinden strauk gjennom dei livlege krøllene hennar. (Marsvin, også svin)
  12. Det var ein gedigen keepertabbe verken trenaren eller medspelarane sette pris på. (Bever)
  13. Ein svært kjend musikal vert sett opp til våren med sentrale aktørar frå Uskedalen på scenen. (Kalv, også mus)
  14. Det blei jammen veldig trongt på gjesterommet med alle menneska ni netter på rad i same dobbelseng. (Kanin)

Juryen har godkjent nokre andre t.d. jak, ku, rein som også har skjult seg. Elles er juryen særs fornøgd med arbeidet sitt, og det har naturleg nok ikkje noko for seg å leggja inn protest.
Vel blåst, og på gjensyn!!

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland.