Godt loddsalg bergar økonomien i friluftslaget.

Uskedal friluftslag har hatt gåande eit lotteri med svært varmande gevinstar. Gevinstane er nemleg god ved som skriv seg frå rydjande dugnadsarbeid på stemneplassen tidleg i vår. Dette har tydeleg vore populært, loddsalget har gått unna, og det er sett ein solid rekord i dette lotteriet som har blitt årvisst dei siste åra.
Friluftslaget vil takka alle loddkjøparane som har vore rause ved kjøp både på nettet og på stand utanfor Spar. Kasserar Jofrid Eik kan fortelja at utan denne gode innsatsen hadde det vore ein betydeleg minus i lagskassen. Så, tusen, tusen takk frå styret i friluftslaget.

Ved vedlotteriet kom det inn 23.600 kr ved loddsalget, og i tillegg blei det gitt 200 kr. i gåve. Eit fantastisk resultat.
I dag blei vinnarane trekt ut ved hjelp av nymotens program på mobilen. Jofrid Eik og Åse M. Neset frå styret såg til at trekkinga gjekk rett for seg saman med Thor Inge Døssland. På bildet over ser vi dei to førstnemnde sjekkar vinnarnummer på mobilen. Dei heldige vinnarane blei:

  • 5 sekker ved: Runar Myklebust
  • 10 sekker ved: Kjetil Hauge
  • 15 sekker ved: Audun Eik

Gevinstane blir levert av dugnadsleiar og nestleiar i Uskedal friluftslag, Audun Eik, like over helga. Han seier også at friluftslaget har så mykje ved at det snart blir nye sjansar til å vinna varmande gevinstar i ei tid då både straum- og vedprisane stig.

For friluftslaget er det inspirerande at folk støttar så godt opp. Det gjer det lettare å halda plassen så fin som den er i dag og oppgradera den ytterlegare.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland