Uskedalen.no har Marius Mathisen som sin faste musikkmeldar, slik han har vore mange gonger før. I fjor fekk vi napp då vi spurde om vikar for Marius den eine dagen. Simon Ryland gjorde ein god jobb. Ryland vert ikkje med i år. Sjølv om det er litt seint, spør vi om det er nokon som vil prøva seg som musikkmeldar på Festidalen, gjerne den eine dagen eller med utgangspunkt i eit band. Løn: Gratis inngang.

For å vera ein god musikkmeldar må du:

  • Vera glad i musikk
  • Ha kjennskap til ulike musikkgenrer
  • Ha kjennskap til artistane
  • Kunna skriva ut ei musikkmelding, ei vurdering i eit manus, og senda redaksjonen innan rimeleg kort tid etter konserten.

Det er også ynskje om at du tek bilete av artisten/gruppa. Marius Mathisen kjem med rettleiing og hjelp om du treng det.

Dersom dette høyrest interessant ut, send nokre ord til uskedalen.no.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Festidalen