PÅSKEARRANGEMENT PÅ DØNHAUGLÅVEN 27. MARS ER UTSELT
Det er blitt ein tradisjon at yngre og eldre ungdomar frå heile Kvinnherad , men også frå nabo kommunar, kjem til Uskedalen og Dønhaug på låvefest. Etter at billettar vart selde på førehand på internett for 5-6 år sidan, har alle billettar til dette arrangementet vore utselt i god tid for arrangement datoen. Slik er det også i år. Kombinasjonen Gunslingers , Dønhaug og påske har vore svært vellukka.


Arrangementet varer frå frå kl 20.00 til 01.00, og det blir sett opp 3 bussar, 2 utover og 1 innover i kommunen etter arr.slutt. Avgang kl 01.15 frå Kjerlandssido. NB! Har du kjøpt billett som du ikkje får bruka, er det lov å selja den vidare, men då til same pris som billetten kosta, pluss evt. tillegg for betalt avgift på kjøpet. Hugs at billetten blir scanna ved inngang, og kan difor berre brukast av den fyrste som scannar den.

Vermeldinga for onsdag 27. mars lovar bra, men temperaturen er låg. Difor blir det montert varmeanlegg med varmluft som varmar opp låven, men me oppmodar gjestene til å kle seg etter været.


Vertskapet og bandet ynskjer alle velkomen til ein hyggeleg kveld på DØNHAUGLÅVEN.

Tekst/foto: Pressemelding
Nett: Kristian Bringedal