Alle kjenner Sigurd Vikøren, nokre frå media med mellom anna Hardangerfjordmagasinet i heile 16 år, mange frå fotballen der han både har vore trenar, oppmann og tillitsvald. I ein alder av 74 år debuterer han med krimboka Blod er tjukkare enn vatn. Ikkje nok med det. I same køyret skriv han like godt ei bok til: Mitt liv med Hattebergsvassdraget – Folgefonna Nasjonalpark.

Blod er tjukkare enn vatn!

Eit liv skal levast. Kva gjer dette livet med deg? Har lagnaden du møter kraft i seg til å flytta på grenser i din etikk og dine haldningar? Vil samvitet ditt lettare akseptera at du flytter grenser når du innser at blod er tjukkare enn vatn?

Dette er ein krim thriller.
Krimboka Blod er tjukkare enn vatn er ein spenningsroman om livet, kjærleik og vanskelege val. Det er ein historie om oss, deg og meg. Om liv og død, fellesskap, lagnad og samhald. Om dop, smugling og dobbelmoral. På Vestlandet, i London, Stockholm og Bergen.

På facebook finn du Bokbadet til Sigurd. Her går du inn på grupper. då kan du lesa om kva andre meiner om boka, og ei bok til som Sigurd har skrive.

Blod er tjukkare enn vatn er tenkt å bli ein trilogi. Den neste boka er tanken å fylgja
frå skrivestart til boka er ferdig med ulike innslag i Bokbadet. Her er du velkomen til å vera med å boltra deg med kommentarar, terningkast og kritikk.

Vikøren ynskjer at mange av uskedalen.no sine lesarar dukkar opp i Bokbadet til Sigurd. Velkomen!

Krimboka Blod er tjukkare enn vatn kan kjøpast på SPAR, Uskedalen.

Tekst/foto: Pressemelding/ Kristian Bringedal
Nett: Kristian Bringedal