Veteranbandet stod for musikken og songen på Halsnøytunet i går, i regi av Optimisten. Det møtte fram meir folk enn det som er vanleg og med god stemning og artige innslag gjekk alle nøgde heim med songen og rytmen i kroppen. Med Det var på Capri la ein like godt inn eit minikurs i det å dansa tango. Fleire par tok oppmodinga og kom på dansegolvet. Musikklaget spelar publikumsvenleg musikk, alt frå Johannes Kleppevik No kjem ein vals, Hver dag er en sjelden gave til Robert Burs Skal gamal venskap kverva bort. Veteranbandet har ein travel haust med mange oppdrag. Fram til jul står dette på programmet:

For Veteranabndet gjeld ordtaket: Utan mat og drikke, duger helten ikkje.
  • 14. november: Bokslepp Kvinnherad Sogelag
  • 21. november: Kafe i Grendahuset i Bringedal
  • 01. desember: Julegrantenning i Uskedalen
  • 10. desember: Julekonsert i Uskedal kyrkje
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal