Uskedal musikklag, også kalla Vetreranbandet, held fram med rundreise på Alders- og sjukeheimane i kommunen. For to veker sidan var dei på Rosendalstunet. I kveld var det Syng med oss på Husnestunet, i regi av Røde Kors besøksvener. I neste veke kan Optimisten på Halsnøy venta seg besøk av den aldrande og muntre gjengen frå Uskedalen. Mellom musikkinslaga er det korte forteljingar, noko som liknar på eit musikkåseri. På repretoaret finn vi religiøse tekstar, folketonar, Kleppeviktekstar og ikkje minst den lokale Songen frå vest. Musikklaget gjer det godt med nokre utvalde instrumentale innslag. Mellom dei finn vi tangoen Det var på Capri noko som set programleiaren på sporet til å fortelja og syna frå den gongen han gjekk på tangokurs. Dei 120 gjestene i salen humrar og kjenner seg att i situasjonen.

Syng med oss på HUsnestunet samla over 100 personar kvar gong.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal