Veteranbandet Uskedal musikklag la turen til Rosendalstunet i går på ettermiddagen for å skapa julestemning med vakre juletonar. Det var godt frammøte, også av beburarane frå Uskedalen. Musikklaget har dei siste åra vore ein fast gjest på Rosendalstunt i førjulstida. Dei er også med på Syng med oss arrangement, vår og haust. Neste oppdrag for musikklaget er julefesten i Vonheim 4. juledag. Vi gjer merksam på at bilete er frå den same spelinga i fjor.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto