Kong Harald sin 87 årsdag vart markert med appell og Kongesangen då Uskedal Musikklag gjesta Husnestunet i dag med eit songprogam som ein del av Syng med oss. Veteranbandet var noko amputert då både tubaisten og trommisen hadde permisjon. Bassen er nerven i musikken og er ofte avgjerande for ei god rytmisk framføring. Bandet la litt om med tilpassing til situasjonen og gjennomførte songprogrammet etter oppsett plan. Av dei frammøtte finn vi fleire frå Uskedalen, både som beburarar på Husnestunet og som pårørande.

Syng med oss på Husnestunet.

Røde Kors Omsorg er ansvarleg for Syng med oss på Husnestunet. Det nye styret vart presentert. Nokre av dei eldste har bedd om avløysing. Nye styrmedlemer er komne til.

Frammøte var ikkje det beste i dag. Årsaka er kollisjon med nokre andre viktige møte, mellom anna årsmøte i LHL

Neste aktør frå Uskedalen på Syng med oss på Husnestunet er Rustne Menn, onsdag 3. april.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Stig Tveito