Dette er ei førebels melding om at Uskedal Elveforvaltning saman med andre samarbeidspartar har starta eit prosjekt om å stoppa utbreiinga av den viltveksande planten Parkslirekne. 10 beitande geiter er på plass på eit digitalt gjerde. Ver merksam på dette og kva oppgåve geitene har. Difor: Ikkje jag dei. Ha hunden i band. Ikkje lukk grinda på Holmane, mellom Magne Huglen og Erlend Bjørnebløle sine eigedomar. Snu dersom du kjem med hund og har geitene framom deg. Bilete og innlegg kjem seinare.

kb