Den nye vasstrampolinen er førebels lagt ut på kommunal friomårde/badestrand i Korsnes. I påvente av bruk vart det montert ein presenning rundt. No er presenningen rivna i festa og dermed teken bort. Trampolinen skal dessutan lenger ut på djupare vatn. Kravet er 2,5 meter på fjæra sjø. Ein skal også ha dykker nede for å sjå at det ikkje er skarpe gjenstandar på botnen. Alt dette vert gjort for å vera trygg på sikkerheten. Difor: Vent med bruk til ny melding kjem.

Tekst/ nett: Kristian Bringedal
Foto: Atle Hauge