I helga vart det arrangert skrivekurs i Gamleskulen. Forfattar Mona Vetrhus inviterte til to dagar med inspirerande skriveoppgåver og veiledning. Det vart ei vellukka helg, og med mange gode tilbakemeldingar skal ein ikkje sjå vekk frå at det kan komma nye moglegheiter til å vera med på kurs.

Forfattar Mona Vetrhus inviterte til to dagar med skrivekurs i Gamleskulen. Det kom folk frå Rosendal, Utåker, Åkra og heilt frå Stord. Dei fekk fleire oppgåver der alle skreiv, og dei som ville det fekk lesa høgt. Mona fortèl at det vart mange gode fortellingar og godt samhold i gruppa.

Mona snakkar varmt om deltakarane og to kreative og kjekke dagar. Ho er godt nøgd og har fått fine tilbakemeldingar og ønsker om meir.

“Vi får sjå kva vi får til” seier Mona. Ho har stor tru på at det med tida kjem fleire Sunnhordlandske forfattarar.

Her er nokre av bøkene Mona hadde med og anbefalte.
Tekst/nett: Marianne Korsvold
Foto: Mona Vetrhus