Mandag var det Flåtene som var i luka på Kvinnherad turlag sin kjekke adventskalendar der dei legg opp til nye turar kvar dag i desember. Turane blir spreidd rundt i dei ulike bygdene, og det blir turar fram til og med 20.desember. På denne måten set også turlaget fokus på alle turmulighetene vi har i den naturvakre kommunen vår på ein god og kreativ måte. Dei fleste dagane er det ein tur, men ein del dagar er det lagt opp til to turar i ulike delar av kommunen. Mandag var det også tur til Kaldestadåsen.

Stemningsfullt i gapahuken.

Turen til Flåtene starta ved Uskedal vassverk sitt anlegg på Eik, og ein av turleiarane, Steinar Kroka, fortel til uskedalen.no at det var med 11 deltakarar. Dei fleste var frå Uskedalen, men det var også nokre frå Sandvoll. Turveret var ganske bra, og sidan turen starta etter mørkets frambrot, var deltakarane avhengig av lyset frå hovudlyktene.

Det blei ein svært stemningsfull tur gjennom skogen langs Eikeelva med elve- og skogssusen. Vel framme ved gapahuken på Flåtene blei det servert gløgg, lussekattar og peparkaker. Janne Yri og Michael Røssland hadde gått opp litt tidlegare. Dei hadde pynta, fyrt opp bålet og varma vatn til gløgg. Stemningsfullt var det også der. Vi kan trygt karakterisera det spesielle Lucia-toget og Lucia-kvelden på Flåtene som særs vellukka!

I tillegg til Steinar Kroka var Kjell Yri turleiar.

Kos med gløgg, peparkaker og lussekattar.
Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Steinar Kroka