KOM DEG UT – dagen som blei gjennomført med tur til Flåtene ytst i Eikedalen i går, blei særs vellukka med glade deltakarar og mykje aktivitet. Veret viste seg jo frå si beste side, og dagen blei gjennomført med masse barnelatter, natursti, spikking og grilling av pølser noko bilda fortel om og.

Totalt 43 personar av stort og smått møtte opp ved gapahuken på Flåtene. Her fekk ein spikka seg propellbåtar, fiskestenger og smøreknivar. Nede ved elva fann dei seg småkulpar som ein kunne testa ut spikke- produkta.
Vi fekk òg besøk av Turbo og dei to venene hans som trakk ut vinnaren av Turbo Quiz. Dei heldige vinnarane var familien Siqveland som vann gåvekort på Sport 1 Husnes.

Ei stor takk til alle besøkande, frivillige og Turistforeningen/Gilde for sponsing av pølser.

Tekst og foto: Siv Framnes
Nett: Thor Inge Døssland