Fredag og laurdag var det god aktivitet i Gamleskulen. Mange tok turen for å sjå etter brukte skattar på bruktmarknaden. Andre var meir interessert i kakene som vart servert i kafèen. Det var ein fin blanding av barn, unge og vaksne som kom innom.

Jannike Myklebust, som var primus motor for marknaden, kan melde om godt sal i kafèen. Det var mange andre arrangement i Kvinnherad denne helga, så alt i alt er ho godt nøgd med oppmøtet.

Det var i alt 15 stand fordelt på hovedetasje og i kjellaren. Og det var eit bredt utval av klede, leiker, interiør og anna utstyr. Det var særleg stor aktivitet blandt dei minste som fann mange kjekke leiker å ta med seg heim. Snorre Fauskanger Rød er særs nøgd med traktoren han fann.

Tekst/nett: Marianne Korsvold
Foto: Lisa Fauskanger / Marianne Korsvold