Velkomne til Fjelly 1. mai
Været er med på laget og ungdomslaget ved Fjelly-gjengen, inviterer til pop-up cafe kl. 12 – 15 i morgon 1. mai. Mogeleg det blir servert kake frå nyomnen og om vinden tillet det, vert det også fyr i bålpanna.
Hjønnevåg har sponsa oss med fiskekaker, så ein av rettane som er å få kjøpt blir fiskekake i pitabrød. Det vert også mogeleg å kjøpe pølse i brød. I tillegg vil det være kaker og bollar på menyen.
Yr melder fin temperatur og vind frå aust søraust. Over kanten og ned til vatnet vil ein truleg få litt vind i håret, men vi vonar at Fjelly vil ligge i le for vinden.
Då det er mangelfull dekning for mobil ved Fjelly, vert det som sist at betaling blir ordna med VIPPS når ein kjem til bygdars att.
Tekst/Foto/Nett: Hans Ordin Østebø