Festivalleiinga ynskjer alle velkomne til fine festivaldagar i Uskedalen. Ein raud Massy Ferguson med sjåfør ved Dønhaug Gardsbarnehage på Kjærlandssido er blikkfanget som syner at du er på rett veg. Inngangen har vore slik i mange år. Det bør vera kjent for dei fleste. Det er såleis ingen inngang via Auto 88 og Halsabrotet. All parkering er i sentrum. Billettsalet går strykande. Ein reknar med å nå målet som er 3000 gjester kvar dag. Bruk festivalkontoret i Gamleskulen for registrering, merkeband og evt. utfylling av vergeskjema. Festivalområde er ope slik: Fredag: kl. 17.00. Laurdag: kl. 16.00.

Etter registrering og utdeling av merkeband, kjem du fram til inngangen.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal