Velkomne til Allsong på Kafe Tiaren, tysdag 28. mars kl. 12.00.
Det er klart for ny allsong på Kafe Tiaren, i morgon tysdag 28. mars. Sjølv om våren let venta på seg, har Rustne Menn funne fram heile tre vårsongar. I tillegg vert det tekstar av Bjørn Eidsvåg, Johannes Kleppevik, Trygve Hoff og Halvdan Sivertsen. Det meste vert framført som allsong med tekstar frå songhefte Syng med. Kom og ver med på ei gild stund i Gamleskulen.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Arkivfoto