Velfortent ros til Bente og Trond.
Uskedalen har i mange år hatt blomsterbutikken til Gro Hjelmeland som eit smykke sentralt i bygda. Vi hugsar kor trist det var før den kom. Derfor kunne blitt trist i sentrum etter at butikken la ned i vår.
Bente Myhre og Trond Olsen som eig og bur i huset, har sytt for at dette ikkje blei ein realitet. Så fort blomebutikken var historie, gjekk dei i gang med å “utsmykka” fronten på huset. Det kom sprosser i vindaugo, gardiner, flott beplantning og andre dekorasjonar. Det er kort sagt blitt veldig flott. Dette blir lagt merke til, og derfor går det ein velfortent ros til paret.
Mange tilreisande påpeikar at Uskedalen er ei nydeleg bygd naturmessig, og dei legg til at det er særdeles velstelt. Dei nemner også av og til nokre unntak. Det blir jo veldig iaugnefallande når det er så velstelt rundt.
Denne gongen går rosen spesielt til Bente og Trond, men også alle andre som bidrar til at det er så fint og velstelt fortener også takk og ros.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland