At det nærmar seg jul, er tydeleg å sjå hos Gros Blomster! Det lyser nydeleg mot oss i alle julas fargar og meir til før vi kjem inn døra. Og innanfor blir vi møtt av dei tre dyktige, blide og hjelpsame damene. Utdanna blomsterdekoratørar alle tre! Gros Blomster er ein butikk eg alltid føler at humøret har fått eit oppsving når eg går ut døra. Vi er heldige som har dette gode tilbodet i bygda. Ikkje rart at kundane trekkjer mot blomebutikken vår frå alle kantar og mange bygder.

No i førjulstida er det ekstra mykje fint der. For ein tilårskommen kar er det umogeleg å setja ord på alt det vakre. Det er lurt å ta ein tur og sjå sjølv. Betjeninga fortel at dei synest at kundane var flinke å vera tidleg ute med julehandelen i fjor. Det håpar dei skjer i år og. På den måten blir det jo mindre kø. Viss ein veit kva ein skal kjøpa, kan det også vera lurt å ta ein telefon, for mykje kan gjerast klart på førehand.

God julehandel. Det er vanskeleg å sjå føre seg ei førjulstid utan å han vore innom Gros Blomster!

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland.