Veldig kjekt på friluftsbasecamp!
Kjekk og sosial aktivitet, og fornøgde ungdommar.
Dei fekk tre innhaldsrike, spennande, aktive og sosiale dagar dei 17 ungdommane som deltok på basecampen som gjekk av stabelen her i Uskedalen frå mandag til onsdag. Det var Friluftsrådet Vest som stod bak campen og hovudvekta var lagt på klatring og padling. I tillegg til at det var stor variasjon på desse områda, fekk deltakarane også prøvd seg i andre aktivitetar og konkurransar. Heile tida var det sosiale eit viktig element.
Innanfor klatring fekk dei prøvd seg i klatreparken ved kunstgrasbanen, klatreveggen i aktivitetshuset, utandørs klatring i Børsdalen og buldring på det nye klatreloftet på Gamleskulen. Dei som ønskte det kunne også ta topptaukort slik at dei er godkjende for sikring under innandørs klatring.
Andre deltakarar tok våttkort som m.a. krevst for at ein skal kunna leiga kajakk. Ved hjelp av desse kvalifiseringskursa blir det sett fokus på sikkerhet på ein fin måte. Gjengen hadde også ein flott padletur fram og tilbake til Skorpegavelen andre dagen.
På kveldane var det ulike sosiale aktivitetar. Også i matveien hadde deltakarane det heilt topp! Det var kake i skogen og mykje godt som blei laga på bål. Siste natta overnatta dei fleste i lavvo.
Kort sagt: tre heilt supre dagar!
Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Veslemøy Haugland