Vetle Vonheim fekk premiæreframsyninga av Maria Malmsten og Tutta Laukholm si «Gamlemor og husfrua», kvinna sin kvardag frå tidleg morgon til seine kvelden – i ord og tonar.

Førti frammøtte i alderen frå 14 år til langt over dei 90, fekk vere med på denne hendinga i grendahuset oppe i Uskedalen. Maria og Tutta leika seg med ord og tonar – til ei aktivt lyttande forsamling. Om huldrefolket, eit folkeeventyr, med kulokk, salmar og segn – og om alt det ei ungkone må kunna. Dette delte dei med oss.
Også KI (kunstig intelligens) vart tatt opp, og at vi ikkje kan avvise denne men i staden fylle den med våre ting og verdiar.Tusen takk for at dåke to flotte kultur- formidlarar, fann vegen hit til oss !
Etter framsyninga var det koseleg kaffidrøs i matsalen nede. Og medan praten og latteren sat laust der, så var det ingen som hadde høyrt at huldrefolket hadde rydda stolar og benkar i salen oppe. Dette vart i staden ei positiv overrasking for tilskipar.
Skulemuseet var ope, før og etter framsyninga, og det vart gitt mykje skryt for kor fine og tidsrette desse to nabohusa vert haldne.
No er oppvasken og golvvasken tatt, og kakerestane er frosne ned. Som tilskipar for Vonheim er eg særs nøgd – og eg takkar også Anders, Marte og Stig for kjempegod hjelp !

Tekst og nett: Møyfrid Kristoffersen
Foto: Gjertrud Sydnes Furdal og Marte Kristoffersen