Vegvedlikehald på Døsslandssido - klar for asfaltering.
I denne veka har vegen på Døsslandssido vore stengt. Årsaka er vegvedlikehald. Frå toppen ved innkøyrsla til Trond Lekva Myklebust til møteplassen ved avkøyringa ned til Holmen er det masseutskifting, om lag 200 meter veg. Dårlege massar er køyrt bort. Det er lagt duk, pukk og grus og pr. i dag er vegstubben klar for asfaltering. Det er MESTA som er utførande entreprenør. Med dette arbeidet er vegen i langt betre stand og kan tola den til dels store og tunge trafikken på denne sida av Uskedalen. Vegen har same breidde. Møteplassen, som vart laga for nokre år sidan, kjem vel med. Dersom alt går etter oppsett plan, er vegen opna att innan kort tid.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal