Vegen ved Djupehølen opnar i dag.
MESTA er i innspurten på ferdigstilling av vegvedlikehald ved Djupehølen. Det er asfaltering i dag og ein reknar med å opna vegen straks etter asfalten er på plass. MESTA med Vidar Fossheim som formann på dette prosjektet er hovudentreprenør. Underentreprenør er Sau & Sånt frå Halsnøy. PEAB Asfalt står for levering og legging av asfaltdekke.
Asfalten er lasta på Sotra og vert transportert til Uskedalen i eigne bilar. Total mengde asfalt er 35 tonn. Vegen er utbetra i ei lengde på rundt 30 meter. Vegen har vore stengd i denne veka. Det har vore omkøyring via kommunal veg på Kjærlandssido.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal