Etter det store ledningsbrotet ved Busslomma vart det i haust gjort eit stort og omfattande arbeid med framføring av ny vassledning i Johanebrekko og på Brekketoppen. Seks grunneigarar fekk inngrep i hage og tun. No er sluttarbeidet i gang med planering, grusing, såing og kantarbeid. Eit gjerde er på plass og til slutt må det leggjast asfalt på nokre korte parti. Det er arbeidsfolk frå Musland Maskin som gjer jobben.

Noko av traseen ligg på begge sider av Fylkesvegen.
Tuna vert grua og stelte til slik det var før framføringa av ny vassledning.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal