Det har den siste tida vore vasslekkasje på Uskedal Vassverk sitt ledningsnett ved busslomma på Stølen. Skaden vart lokaliert og no er skaden utbetra. Hans Reidar Kjærland i Vassverket fortel til uskedalen.no at ved dette arbeidet nytta høve til å skifta ut gamal kum med ny. Dette vart gjort som eit grunnlag for framtidige byggeprosjekt på Stølen. Dermed har ein sikra infrastrukturen i bakken for det som måtte koma av nye hus i område. Musland Maskin er entreprenør.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal