I dag var det vask- og ryddedugnad i og utanfor Uskedal bedehus. Parkeringsplassen vart planert og grusa. Tilsamna vart det lagt 28 tonn grus, knust og klargjort på indistriområde på Årsnes. Det er ein litt annleis grus enn den vi ser til vanleg, brun på fargen med litt leira tilsett. Tor Øystein Myklebust var maskinkøyraren i dag. Med seg hadde han gode hjelparar, unge og eldre, frå Uskedal Indremisjon.

Inne i huset var det nedvasking og rydding. Alt, som vert rekna som søppel, kom i hengar klar for tranpsort til SIM. Bedehuset er med dette klargjort for utleige og vidare bruk til faste møte og aktivitetar.

Huset skal mellom anna brukast til to konfirmasjonar.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal