Torsdag 7.oktober blir det igjen Nasjonal Vardebrenning. Det er Motvind Norge som står bak markeringa, og det går føre seg over heile landet. I Kvinnherad vert arrangement i båthamna i Uskedalen. I tillegg til varde i båthamna i Uskedalen, vert det også tent varde på Skorpo. Det er ei historisk hendig. Frå gamalt tente dei vardar når ein skulle varsla folket om fare for landet. Sist det vart tent varde på Skorpo var i 1972 og 1994, før EU-avrøystinga. No vil Oskar Langballe gjenskapa stemningen frå 90.talet.

Vardebrenninga på Skorpo vert synleg i deler av Hardangerfjorden og i Sunnhordland.


I båthamna blir det eit godt og variert program, for berre høyr; Tamburmajorane Rolf Hunstad og Tormod Kayser slår vardetenninga i gang. Annemor Ekeland ynskjer velkomen, og presenterer Røysterett for alle og dirigenten deira Maria Malmsten. Dei skal som innleiing synga « Kan du høyra folkets røyst» frå Les Miserable, med ny norsk tekst. Motvind Norge har teke denne låten til sitt bryst. Kjell Borge Olsen spelar på skarptromme. Her blir det høve til å synga med. Dette blir tøft!


Me har vore så heldige å fått Ove Stumo, «Generalen» frå motstandsarbeidet i Tysvær, til Kvinnherad. Han vil med klare ord fortelja oss kor viktig det er at me står på og ikkje ein augneblink kviler når det gjeld motstanden mot vindkraftindustrien. I Tysvær var dei for seine. No vert det bygd vindturbinar i det vakre landskapet, i Lars Hartevig sitt rike!


Røysterett for alle helde fram med eige repertoar, før Kristine Frøystein Remme – frå klatregruppa i Uskedalen held appell. Heilt til slutt byr Rustne menn på glade låtar, før me går heim og vardane brenn ned. Ta på varme klede, og regntøy om det vert regn. Dette blir ein merkedag, der
vindkraftmostandarar står saman rundt vardar i heile landet.

Aksjonsgruppa Nei til vindkraft i Kvinnherad er lokal arrangør.

Tekst: Pressemelding
Foto/nett: Marit Hjønnevåg / Kristian Bringedal