I det nydelege vårveret er vårarbeidet godt i gang på gardane i bygda.  Laurdag dura traktorane som var i arbeid rundt om på jordene, og til tider blei dei overdøyvde av lyden av dei mange motorsagene som var i aktivitet. Det er tydeleg at mange sikrar seg eit solid vedlager før den komande vinteren i desse straumsparingstider. På gardane la vi også merke til at svært mange nytta høvet til å få spreidd ut blautgjødsel. Ein av desse var Hans Reidar Kjærland som vi ser på bildet over.

Han Reidar fortel til uskedalen.no at det gjeld å nytta desse nydelege vårdagane for å få unna noko av vårarbeidet. Arbeidet går så mykje lettare i slikt fint ver.  Før gjødelspreiinga har han sådd raigrasfrø og horva det i eksisterande eng. Han har kjøpt 500 kg med frø, og dette har han gjort for å auka avlinga på arealet han har. Såinga gjorde han så tidleg som 12.mars. Han kan ikkje hugsa at dei har sådd så tidleg før.

Han fortel at eit nyleg eigarskifte på ein gard på Feet har gjort at dei har mista paktinga på denne garden som familien har pakta i 50-60 år. Dermed blir forgrunnlaget i drifta hans redusert med 20%.  I og med at det har vist seg vanskeleg å få hand om nytt areal i høvande nærleik, prøver han å kompensera noko av dette fortapet med den ekstra såinga.

Etter det uskedalen.no kjenner til er det ein bonde på Halsnøy som heretter skal pakta garden på Feet.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland