Var med mor si på korøving i Uskedalen som lita jente. På laurdag er Tiril solist med Sunnhordland Kammerorkester
Mange i Uskedalen kjenner Tiril Eirunn Einarsdotter. Ho var ofte med mor si, Maria Malmsten, på korøving med Røysterett for Alle. Då var ho lita jente. Seinare kom ho med som aktør og hadde fleire framføringar i Uskedalen. Tiril var også med på CDen koret spelte inn og seinare på ulike prosjekt, mellom anna i Folkemusikkveka 2012. På laurdag er Tiril tilbake i Kvinnherad som solist i Valen kyrkje med Sunnhordland Kammerorkester.

Tiril Eirunn Einarsdotter (f. 1997) er fele- og hardingfelespelar frå Stord som våren 2025 fullførte sin master i utøvande folkemusikk ved Norges Musikkhøgskole. Ho er ein aktiv og allsidig musikar med mange års erfaring som soloutøvar, dansemusikar, teatermusikar og ensemblemusikar, samt kurshaldar og lærar for born og ungdom. Tiril har vore solist med ei rekke kor og orkester, og er aktiv med fleire band og eigne prosjekt. Ho er også tidlegare medlem av Sunnhordland Kammerorkester.
Orkesteret har som føremål å stimulera strykarmiljøet i regionen gjennom eit samarbeid over kommunegrensene. Hovudmålet er å gjera det mogleg for vidarekomne ungdomar i Sunnhordland å få spela kammermusikk på høgt nivå. Kammerorkesteret er først og fremst eit tilbod til dei vidarekomne elevane ved kulturskulane i regionen og musikklina ved Stord vidaregåande skule.
Orkesteret består av ungdomar, vaksne, amatørar og profesjonelle musikarar frå Sunnhordland. Kammerorkesteret har base på Stord, men held konsertar i heile regionen, og gjerne saman med lokale musikarar og kor. Orkesteret blei starta i 1984 og har gjennom åra hatt mange flotte konsertar og samarbeidsprosjekt. Lars Erik Ter Jung har vore orkesteret sin faste dirigent sidan 1998.
Tekst: Kristian Bringedal/ pressemelding Foto: Privat - arkiv Nett: Kristian Bringedal