Med nokre justeringar vart valresultatet slik uskedalen.no skriv i førre innlegg. Høgre gjekk tilbake frå 10 til 9 mandat. Venstre berga sitt eine mandat. KrF fekk inn to mandat. Det nye INP fekk 5 mandat. Det er rett nok nokre røyster som ikkje er talde, tilsaman 175 stemmer + stemmer som kjem i posten tysdag. To namn frå Uskedalen er inne. Det er Wermund Vetrhus på SV og Tove Lill Lakselv på FrP. Meir usikkert er det med Jostein Saghaug på Miljøpartiet. To av dei er kumulerte, men sidan MDG har kumulert tre og berre fekk inn ein, kan det like godt vera ein av dei to andre som er sikra plass i kommunestyret. Elles kan ein rekna med representasjon frå Uskedalen på desse listene: Arbeidarpartiet, Industri- og næringspartiet og Høgre. Namna kjem seinare i dag, i 17 tida. Bilete syner dei tre frå SV som er sikra plass i K.styret. T.h: Wermund Vetrhus.

Personteljinga i dag vil syna om Jostein Saghaug på Miljøpartiet kjem inn på fast plass i K.styret.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal